Foto av tidligere forbundsleder Sølvi Knudsen

Reforma for menneske med utviklingshemming, intensjonen med reforma

Få kjenner bedre til reformen for mennesker med utviklingshemning enn Sølvi Knudsen, NFU sin forbundsleder i reformperioden. Alle med interesser og ansvar på feltet bør lese Sølvi Knudsen sine betrakninger om reformen og reformens målsetninger.

Reforma for menneske med utviklingshemming, intensjonen med reforma.

Av Sølvi Knudsen, tidligere forbundsleder

Tidlegare Stortingsmeldingar:

Det Norske Storting kan sjå attende på fleire St. meldingar sidan slutten på 60 talet som tek føre seg viktige prinsipp om korleis personar med funksjonsnedsetting bør få høve til å leva.

I St. meld 88 (1966-67) h;eiter det m.o.a. i avsnittet om målsettingar og hovudlinjer : «Utgangspunktet må være at funksjonshemmede bør ha rett til same levestandard og valgfrihet til å planlegge sitt liv som andre i den utstrekning dette er mulig. Samfunnet må legge forholdene til rette slik at personar med funksjonshemninger får medisinsk, pedagogisk og sosial hjelp, slik at de kan nytte sine evner fullt ut. Et viktig prinsipp i den nye tankegang er normalisering. Dette vil si at en ikke skal trekke unødige skillelinjer mellom mellom funksjonshemmede og andre når det gjelder medisinsk og sosial behandling, oppdragelse, utdanning,sysselsetting og velferd».

St. meld. 23 (1977-78)»Funksjonshemmede i samfunnet uttrykkjer det slik:

«Tiltak og tenester skal så langt det er mulig utformes og forankres i den enkeltes lokalmiljø,- ikke knyttes til spesialinstitusjoner og institusjonsplassering. Diskriminerende og segregerende særordninger må fjernes. Samfunnets vanlige serviceorgan har det fulle ansvar for funksjonshemmede. Spesialordninger og spesialiserte tiltak må integrerest i- og ikke på siden av det generelle samfunnsapparatet».

Vidare kan ein lesa i meldinga;

Eit viktig element i normaliseringstenkinga er at all planlegging av service og tenester skal ta utgangspunkt i det enkelte menneske.

«Psykisk utviklingshemmede» og andre kategorier av nemningar seier noko avgrensa om eit menneske,og blir lett ein overskyggjande karakteristikk. Det blir fokusert på manglar og avgrensingar, og ikkje på ressursar og utsikter. Samstundes får slike nemningar oss til å tenke i grupper.

Reformdokumenta:

St melding 67 (1986-87) Ansvar og tiltak for tenester for psykisk utviklingshemma.

Denne meldinga hadde sitt grunnlag i NOU 1985:34 Levekår for psykisk utviklingshemmede.

På side 12 og 13 i dette dokumentet kan ein lesa utvalet si grunngjeving og forslag.

St. melding 67 om ansvar for tenester for psykisk utviklingshemma danna i sin tur grunnlaget for OT.prp.nr.49 (1987-88).

§1 (Lovens formål)

  1. Å bedre og normalisere levekårene for mennesker med psykisk utviklingshemming.

  2. Å legge forholdene til rette for at personer med psykiskutviklingshemming så langt som mulig kan leve og bo selvstendig og ha en aktiv og meningsfylt tilværelse i felleskap med

  3. andre.

  4. Å fremme en avvikling av institusjonsomsorgen for mennesker med psykisk utviklingshemming og fremme utviklingen av alternative tilbod.

Å betra og normalisera levekåra for menneske med utviklingshemming er svært viktig for å verta sett og respektert med omsyn til at ein først og fremst er eit menneske med dei same grunnleggande behov som andre som ikkje har ei utviklingshemming. Og at hjelp skal verta gitt etter den einskilde sitt behov og ikkje etter diagnose.

Å betra og normalisera levekåra for menneske med utviklingshemming tyder også at det systemet/organet som har ansvar og utøving av dei ulike tenestene til innbyggarane i kommunen, skal ha det same ansvar for og utøving for menneske med utviklingshemming.

Dersom ein særorganiserer tenester for utviklingshemma, fører det til gruppetenking både av ansvarlege myndigheiter i ein kommune, og den same tenkinga vil gjera seg gjeldande i befolkninga elles .

Ei særorganisering vil gje kunnskap og røynsler til nokre få, men integrerte tenester vil gje kunnskap/haldningar og røynsler til mange.

Å betra og normalisera levekåra for menneske med utviklingshemming er å leggja til rette for at den einskilde kan, om nødvendig, saman med hjelpeverge, kunna velja korleis og kor ein vil bu.

Det er ikkje noko fagleg hald i at det er viktig å samla mange menneske med utviklinghemming i same bustadkompleks for å unngå einsemd. Tvert i mot vert det av forskarar hevda det motsette.

Å samla mange menneske med same diagnose eller mange andre menneske med diagnosar i same bustadkompleks, er ikkje i samsvar med normalisering og integrering, og det er heller ikkje i samsvar med å arbeida for å koma bort frå gruppetenking. Ein er då attende i den tida det var dei og oss andre.

Store bustadkompleks undergrev målsettinga i § 1 punkt b om å leggja til rette for at personar med utviklingshemming så langt som råd kan leva og bu sjølvstendig og ha ein aktiv og meiningsfyllt tilværelse i felleskap med andre.

Å byggja store bustadkompleks fører ikkje til at ein vert inkludert i eit nabofellesskap.

Det er også ein stor fare for at tenesteyrar i heimar til personar med utviklinghemming i slike store institusjonsliknande bustader, vert svekka i synet på at det er den einskilde sin heim og ikkje først og fremst tenesteytarane sin arbeidsplass.

I samband med reformarbeidet spelte Husbanken ei viktig rolle saman med myndigheitene. Husbanken anbefalte at ingen bustadkompleks skulle vera større enn 4-5 husvære.

Å betra og normalisera levekåra for menneske med utviklingshemming er også å leggje betre til rette for at born som har ei utviklingshemming får eit godt tilrettlagt tilbod i vanleg barnehage og i nærskulen.

Personar med utviklingshemming har som alle andre stor nytte av «modelllæring» Born som ikkje har ei utviklingshemming har mykje å læra til born med utviklingshemming. I dei kommunar som har vore gode på integrering og inkludering har røynt at born med utviklingshemming er ein viktig ressurs ovanfor born i barnehage og i skule.

Korleis kan ein skapa forståing mellom ulike menneske viss ein ikkje er i stand til å leggja til rette for inkludering og samhandling mellom born?

Dersom ein ønsker å arbeida vidare i tråd med grunnleggjande verdiar som fleire St.meldingar har lagt til grunn, må ein arbeida for å utvikla det. Dersom ein ikkje tek dette på alvor er viktige intensjonar i offentlege dokument berre ord på eit papir.

Korleis koma vidare?

I samband med reformarbeidet er det som er skreve ovanfor uttrykt gjennom mange rundskriv. Det var gjort mykje pådriving/informasjonsarbeid frå statlege myndigheiter ovanfor kommunane. Dette førte til at ingen krok i landet mangla kunnskap om reforma og intensjonane med den.

Denne kunnskapen har i liten grad gått «i arv» til mye medarbeidarar og politikarar. Likeeins i utdanningsinstitusjonane.

Skal ein koma vidare i arbeidet med å betra og normalisera levekåra for menneske med utviklingshemming må ein leggja opp til eit nytt opplysning og haldningsarbeid på mange hald.

Utdanningsinstitusjonar og kommunar er viktige mål i slikt arbeid.

14 januar 2014

Tips noen om siden

Logg inn



Fylkes - og lokallag