Kurs om lovverka
NFU Sogn og Fjordane inviterer til kurs for tillitsvalte/medlemar i lokallaga, på Gloppen Hotel 9-10 november 2013
Tema ved samlinga er Helse- og Omsorgstenestelova, Pasient og Brukarrettighetslova og Forvaltningslova. Kari Wold Olsen som kjem frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er førelesar. Det blir høve til å drøfte aktuelle problemstillingar.
Kommunane si oppgåve er å avgjere kven som skal få assistanse organisert som BPA. Bente Underthun presenterer sine erfaringar med å lede BPA-ordninga til sin son gjennom Uloba.
Nye endringar i Opplæringslova blir presentert av Eirik Dahl som er medlem i Landsstyre.