Ulovlig bruk av tvang og makt i Sveio kommune
Sveio kommune sikrar ikkje at tenestetilbodet som blir gitt til unge med psykisk utviklingshemming er i samsvar med reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Helsetilsynet har avdekket ulovlig bruk av tvang og makt overfor unge med utviklingshemning i Sveio kommune. Grunnlaget for påtalen er:
- Det blir brukt tvang systematisk overfor ein tenestemottakar utan at tvangen er overprøvd og godkjent av Fylkesmannen.
- Meldingar om skadeavvergjande tiltak er sendt Fylkesmannen utan at overordna fagleg ansvarleg er orientert.
- Rutinar for å informere overordna fagleg ansvarleg om bruk av tvang er mangelfulle.
- Leiinga har ved sin gjennomgang ikkje avdekka at tvang blir nytta systematisk.
Les tilsynsrapporten med Sveio kommune
Jens Petter Gitlesen
15 juli 2013