Rettar til personar med nedsett funksjonsevne på dagsorden
FN-konvensjonen om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne, er mest aktuell i kommunene. Folk bor, mottar tjenester, går på skole og jobber i kommunene.
Av Sandra V. Borhaug, fylkesleiar NFU Møre og Romsdal
Retten til arbeid og løn
I Ålesund kommune har ein klart å arbeide fram eit samarbeid med HeiltMed om arbeidsplassar til personar med kognitiv funksjonsnedsetting. NAV i Ålesund kommune var først ute og oppretta ei stilling på sitt lokale kontor i Ålesund. Denne stillinga er det kome søkarar til. Europris på Digernes er no ute med utlysning om stilling og vi vonar at det framover vil kome varierte stillingar i fleire kommunar i Møre og Romsdal. Desse stillingene er nybrotsarbeid, mulegens særleg i offentleg sektor. Leiar i lokallaget i Ålesund, Giske og Sula, Janne Muri, har vore ein viktig del av samarbeidet som no er oppstått med HeiltMed i Ålesund.
Retten til å velje bustad
Fylkesstyret i NFU (Norsk forbund for utviklingshemmede) har no vedteke bustad og inkludering i skole som sine temaområder for komande periode på to år. Retten til å kunne velje bustad og måtar å organisere sin bustad på, samt mulegheit til å eige sin bustad står sentralt. Dette står i eit mostridsforhold til å organisere kommunale leigebustader som institusjonsliknande bufelleskap, slik som fleire kommunar gjer i dag For å ivareta denne gruppa med særleg sårbare i vårt samfunn, trengs det at styringsmakta vil allokere tilstrekkelege ressursar og at ein hugsar på kva som ikkje har fungert før, slik at ein ikkje trakkar opp att gamle stiar som skapar utanforskap i samfunnet.
Retten til å få vere ein naturleg del av samfunnet
FN- konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) er ein viktig del av å sikre inkludering for den ueinsarta gruppa som personar med nedsett funksjonsevne er – då den vil vere retningsgivande for rettane til personar med nedsett funksjonsevne. For å skape eit inkluderande samfunn, må ein starte med barndommen. Barn må få mulegheit til å vere saman med andre barn både i barndommen og i ungdomstida. Mange treng skreddarsaum og då må skolen vere fleksibel. I dag, kan heller ikkje den anerkjende Barnekonvensjonen sikre god inkludering. I høyringsnotatet for ny opplæringslov er der endringar i omgrep, som til dømes universell opplæring, der omgrepa er meir i tråd med Barnekonvensjonen og konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne, dette viser korleis det norske samfunnet no er på veg mot å tilpasse lovverket til dei internasjonale menneskerettane.
I Molde har rådet for personar med nedsett funksjonsevne i sak 10/21 Helse og omsorgsplan i Molde kommune 2021 -20033, bedt kommunen konkret om å fastslå at konvensjonen for rettar for personar med nedsett funksjonsevne skal vere retningsgivande i kommunen sine strategiar for helse og omsorg. Det er ei utfordring i dag for forvaltninga at CRPD er ratifisert, men ikkje inkorporert i norsk lov – at ein konvensjon er ratifisert sikrar definitivt ikkje at den er implementert der tenestene kjem i frå. Det er høgst problematisk at menneskerettane til menneske med nedsett funksjonsevne ikkje er anerkjend i den politiske makta i Noreg på lik linje som ein vernar andre sårbare gruppe gjennom FN – konvensjonar.
15 september 2021