Foreslår løsning i tvangsflyttingssaken i Vågå
Vågå kommune behandlet ny helse- og omsorgsplan i desember. I den forbindelsen skrev lederen i NFU Vågå lokallag og de to vergene til beboerne som kommunen vil tvangsflytte brev til kommunepolitikerne hvor de fremmet et forslag som alle burde kunne levd godt med.
Til kommunestyrerepresentant
Kommunestyret skal i desember vedta ny helse- og omsorgsplan. Det er tidlegare sagt at Vågå manglar eit steg i omsorgstrappa, eit bukollektiv for eldre. Dette er vi, verger for tre utviklingshemma i Moavegen og Vågå lokallag av NFU (Norsk forbund for utviklingshemma) enige i. Forsking har funne ut at eit bukollektiv for ca. 5 fungerer best. Dette stemmer og for utviklingsjemma. Moavegen har 5 leiligheiter, men berre tre bur der nå. Dei har budd der i 28 år, og er etter lang tilpasningstid trygge i heimen sin der. Difor protesterte vi verger mot ei oppseiing og mot ei flytting til Finntunet. Kommunen gjekk til rettsak mot dei tre utviklingshemma. Vi meiner det kan vera ei løysing for kommunen at underetasjen i Vågåheimen blir brukt til eit bukollektiv for eldre. Dette ligg vegg i vegg med base for heimesjukepleia. Dei to tomme leilligheitene i Moavegen kan i tillegg brukast som tilleggsbustader for eldre, eller som akuttfunksjon.
Kommunen har meint at Moavegen treng ei større restaurering. Kommune vann fram i tingretten under tvil. Dei utviklingshemma fekk medhald i at nødvendig vedlikehald kan gjerast medan dei tre bur der. Den eine tomme bustaden er renovert og har inngang skjerma frå resten av bustadene. Den andre tomme bustaden treng renovering av bad. Her er det inngang gjennom fellesrom, men kan lettvint bruke utgangen til terasse med ny trapp/ skråplan opp til denne. Bruken av desse leiligheitene vil gje kommunen inntekter. Flytting av dei tre utviklingshemma til Finntunet er meint på sikt å gje innsparing av ei nattevakt. Finntunet vil då få ei opphoping av tunge brukarar som vil krevje meir enn ei nattevakt kan makte. I tilfelle brann vil det, trass i nærleik til brannstasjon, vera usannsynleg at det er råd å få ut alle i tide. Dermed er den forventa innsparinga borte.
Grunnlaget for omdisponering innan bufellesskapa har vore sagt er ønske om ei samling av like grupper. Denne tankegangen er seinare blitt sagt er uråd å få til, fordi psykiatri og utviklingshemming ofte ikkje let seg skille. Tankegangen er for oss uetisk og er mot integreringstankegang. Vi veit ikkje kva som er den rådande planen nå.
Dei seks åra som har gått sidan oppseiinga av bustadene i Moavegen har lært oss mykje om haldningar til menneske som ikkje er heilt lik gjennomsnittet av oss. Vågå kommune har gjort mykje for utviklingshemma opp gjennom åra. Men den planlagte flyttinga av dei tre i Moavegen, mot vergene sin vilje, syner tydeleg at haldningsarbeid framleis trengst. Det er best for dei tre brukarane at dei får bu der dei bur. Det vil og bli billigast for kommunen. Vi håpar at det også i framtida skal bli teke omsyn til menneskeverdet hos alle med ulike vanskar i kommunen.
Vågåmo, 3.desember 2019
|
|
|
Frøydis Schjølberg |
|
|
|
Marit Moen |
|
|
|
Marie Kongsli Kleiven |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Ønsker du å støtte beboerne i Moavegen bofellesskap som Vågå kommune vil tvangsflytte? Beboerne ble idømt kommunens sakskostnader på drøyt 440.000 kroner av lagmannsretten. En anke til Høyesterett koster også penger, – alt for mye for dem som har vært trygdet hele livet. Bidrag kan gis til:
Bakkontonummer 1506.09.27097
Vipps # 524990 (Husk å trykk "kjøp og betal" før søker på nr.)
27 desember 2019